Fjordleik er ein nystarta festival for deg som har dansa eller spela ei stund, og er i utgangspunktet meint for vaksne/ unge vaksne. Festivalen har Vestlandet som fokusområde, og vil fremje spelet og dansen frå dette området gjennom kurs med dyktige instruktørar. Om kvelden vert det sjølvsagt dans med spel frå drivande gode spelemenn. Sjølve arrangementet går føre seg på idylliske Fjordslottet Hotell i Fotlandsvåg, hotellet har ein intim atmosfære og eit veldig godt kjøkken. Her ligg alt til rette for ei helg med gode opplevingar. Hotellet er ein viktig samarbeidspartnar for arrangementet, og tilbyr gunstige prisar på overnatting og mat gjennom helga. 

Me vonar så mange som mogleg vil ta turen til Osterøy og Fjordslottet helga 13.-15. september for ei skikkeleg triveleg tid saman. 

VELKOMMEN! 

Arr: Fjordslottet Hotell, Osterøy Spel- og Dansarlag